Camilla

Kategorier:

Hei! Eg er lei av kjedeleg og sliten gang/trapperom, og er no klar for eit nytt maleprosjekt. Har vore superfornøgd med tidlegare råd frå dykk, og håpar på å gjenta suksessen. Området som skal malast er gangen i andre etasje, som fører inn til tre soverom og bad, samt trapp opp til andre og ned til fyrste etasje. Eg kunne eigentleg tenkt meg å male alt: golv, trapper, veggar (inkludert dører til innebygde skap som dekker heile langveggen) og dører, samt kanskje tak? Eg veit ikkje kor viktig det er med fargane i tilstøytande rom, sidan dette er som ei eiga avdeling å rekne, men eg har nyleg måla yttergangen i fargen Grå harmoni. Eg er ikkje framand for tanken å male i fargar som matchar denne (eller inkluderer denne), men eg kunne i så fall tenke meg også mørkare grånyansar. Eine veggen ved trappa ned til fyrste etasje har tapet som er kvit med blomstermønster i svart og mørk grå. Der trappa endar i fyrste etasje er det mørke fliser. I stova oppe (der trappa opp til andre etasje endar) er det lys parkett og veggane er kvite (anar ikkje kva farge, skal på eitt eller anna tidspunkt malast). Vil altså male ALT, så her er det berre å slå seg laus. Eg trur det kan bli veldig fint med rette fargar (og rett belysning), men akkurat no er det berre eit område ein passerer: veldig kjedeleg og ukult. Golvet er per dags dato malt i Varm grå, men dette synest eg er for lyst (det er dessutan veldig slitt). Elles har ingenting vore malt sidan vi flytta inn, for ti år sidan. Huset er eit 70-talshus, med eigentleg ganske kul arkitektur. Eg likar godt møblar frå 50-/60-talet, og har mellom anna ein kommode og eit speil med lampe i teak ståande i denne gangen. Eg er litt usikker på om tre bilete er nok til å få fram korleis alt ser ut, men håpar de får ei viss peiling. Eg er flink til å male, men ikkje så flink til å sjå kva som blir fint på førehand, så gler meg til råd frå ekspertar.

2017-10-09 21:46:21

Kommentar

Her er nokre fleire bilete

09/10/2017 21:49:12

Kommentar

Og ein ting til: den eine kortveggen er mur, så den har eit litt røffare preg enn resten. Golvet er korkflis (trur eg) som er malt. Trappestolpane er malt furu, men alt skal altså malast igjen.

09/10/2017 22:04:36

Fargerådgiver svarer:

Hei Camilla 
Takk for fine bilder :-) Hva med å male hele trappen også stolpene i  LADY 9938 Dempet Sort som et grafisk og tøft element :-) Jeg ser også for meg at  LADY 6352 Evening Green kan bli lekker på vegg sammen med  LADY 1462 Grå Skifer. Gulvene som i dag er malt med  LADY 0394 Varmgrå ville jeg malt i  LADY 1462 Grå Skifer slik at den fargen blir gjentatt :-) Trappen og detaljer i furu maler du med  LADY Supreme Finish, gulv grunner du med  JOTUN Superheft Grunning og som toppstrøk velger du TreStjerner Gulvmaling påveggene ville jeg valgt den nye og enda mattere  LADY Pure Color. Skapdørene vile jeg malt i samme farge som veggen. Dører og dør-lister kan bli lekkert i sort samme som trappen. Ta en titt så snakkes vi nærmere hvis du ønsker det :-) 

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Kommentar

Tusen takk for spennande forslag! Dempet sort trur eg blir veldig tøft. Grå skifer var eg faktisk inne på sjølv, har den på eitt soverom og ein kjøkenvegg:) Du foreslår både Evening green og Grå skifer på veggane. Tenkte du ulik farge på ulike veggar, eller tenkte du kanskje Grå skifer på veggane og Evening green på furudetaljar på veggar? Eller noko anna? Og ein annan ting: synest du også rekkverket skal malast i Dempet sort? Kva med listene rundt skapdørene- samme som dørene? Og plankane som er oppe på veggane, litt under taket? Beklagar at eg ikkje klarer å ta ei einaste sjølvstendig avgjerdsle:) Gler meg til å ta fatt på prosjektet!

10/10/2017 16:31:46

Fargerådgiver svarer:

Jeg tenkte   LADY 6352 Evening Green til alle veggene og skap/skyvedørene.  LADY 1462 Grå Skifer tenkte jeg bare til gulvene :-) Jeg ville malt hele trappen også rekkverket i  LADY 9938 Dempet Sort. Listene rundt skapene bør få samme farge som vegg det gir et tøft monokromt uttrykt. Etasjeskillene/plankene i furu ville jeg malt  i samme farge som veggen. I den smale gangen der skapene er blir planken en del av taket, men over speilet kan jeg ikke se at den har en funksjon, så der ville jeg malt den i samme farge som veggen eller fjernet den hvis det er pent under. :-) 

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun