Kategorier:
Lister/dører/vinduer : Umalt panel
Hei! Eg skal pusse opp ei hytte ved sjøen, og treng råd til fargevalet, både til interiøret og eksteriøret. Hytta er frå 1975, og er typisk prega av furupanel som er noko gulna. Stova og kjøkkenet har open løysning med store vindaugsflater mot sjø og nokre øyer med mykje skog. Inne i hytta er det ein god del detaljar i ein mosegrøn beisfarge med ein god del gult i, som far min nok har miksa saman då han bygde hytta, og som eg ikkje har nokon namn eller ncs-kode på. Denne vil eg gjerne bevare, slik at dei nye fargane må spele saman med den. Eg har funne ut at S7020-G50Y truleg er den grønfargen som passar best til beisfargen, og vil gjerne male vindaugsdetaljar i denne fargen, inne og ute. 1) Kva eksteriørfarge kan gå fint saman med S7020-G50Y? Eg ser føre meg ein svartgrå farge (som svaberga utanfor), men veit ikkje heilt kva nyanse. Kan eg ha nøytrale fargar som S8000-N, eller bør også gråsvart-tonen ha noko gult i seg? I så fall: 1434 Labrador (S7502-Y) synest eg er for lys, og 734 Brunsvart (8501-G90Y) for svart. Finnest det noko imellom desse? 2) Eg vil også gjerne male ytterdøra i ein varm oransjefarge, har de nokon tips der? Inne i stova/kjøkkenet vil eg gjerne male den motsette veggen til dei store vindauga, og då vurderer eg den same grønfargen S7020-G50Y, eller kanskje ein blåfarge S5540-R90B. 3) Kjøkkeninnreiinga og sofaputene vil eg gjerne ha i ein mørk gråtone (kanskje ikkje så mørk som eksteriørfargen), kva nyanse kan passe saman med gulna panel, desse grønfargane og blåfargen? Det er høgt under taket, men sidan furupanelet i taket er gulna, er ikkje den effekten så tydeleg. Her vil eg dekke med finerplater som eg vil beise. Taket er kant i kant med detaljane i beisgrønfargen. 4) Har de nokon tips til lyse nyansar eg kan prøve å beise i som ikkje vil gjere veggpanelet og beisgrønfargen endå gulare enn den er? Gjerne i heilt lys grått eller noko slikt? Resten av panelet vil eg gjerne berre ha som det er. Elles tenker eg at stolar, puter, lamper og andre detaljar vert i blå-, grøn-, og grånyansane ovanfor, i tillegg til kanskje ein varm okergul/oransje (som tang og lav på svaberga utanfor). Soveromma vil eg gjerne male. Der er det også berre panel, og vindaugsdetaljane i S7020-G50Y. Sidan hytta er frå 1975, vil eg gjerne halde litt på fargeskalaen frå den tid, og har kreppsengeklede i kvitt med typiske oransje-, brun- og gultona blomstrar, i tillegg til oransje leselamper. 5) Har de nokon tips til lyse veggfargar som kan passe saman med dette? 6) Og kva kvittone bør eg eventuelt velje i taket? Til slutt eit spørsmål som ikkje har direkte med maling å gjere, men med fargar, så kanskje de kan hjelpe likevel: Eg har ikkje bestemt meg for golv enno, men trur det vert klikkgolv i kork, det same golvet i alle romma. Det finnest jo i alle slags fargetonar. Har de nokon tankar om kva som vil binde romma og desse fargetonane best saman: lyse eller mørke golv, varme eller kalde tonar? Tusen takk for all hjelp, denne bloggen og fargerådhjelpa er verkeleg gull verdt!
Nærbilete av den sjølvmiksa beisgrønfargen og det gulna panelet
Hei Irene
Det er som du sier mye gult i S7020-G50Y så kanskje du skal kikke på LADY 8494 Organic Green 6711-G52Y den er tonelik men mer dempet og jeg tror at også den er lekker til den grønne panelen. Når det gjelder gråtoner bør du velge de med gult i undertonen som LADY 1434 Elegant men LADY 9938 Dempet Sort kan du også gjerne velge :-) Du nevner JOTUN 0734 Brunsvart og jeg må innrømme at det er min favoritt hos deg, den er vakker til både svaberg og trestammer, den lyser JOTUN 0676 Tjærebrun kan du også vurdere men Brunsvart er mye tøffere synes jeg. Ønsker du en dempet orange dør så se på LADY 2994 Heat. Du nevner gul tonen på mosen på fjellet og da ville jeg kikket på LADY 10001 Dijon Yellow både til detaljer inne og på ytterdøren :-) Når det gjelder veggen i stuen som skal males så må jeg være ærlig å si at jeg synes den fargesterk 5540-R90B forstyrrer litt de deilige jordtonen vi til nå har snakket om så jeg ville valgt LADY 8494 Organic Green men litt vanskelig å mene så mye uten bilder av rommene. Kjøkkeninnredningen ville jeg malt i LADY 1434 Elegant. Ønsker du å beise finerplater i taket så vil LADY Pure Nature 9036 Hvitkalket fort gjøre gulnet panel gulere så kanskje du skal tøffe deg litt opp å beise taket i LADY Pure Nature 9044 Kullsort (den er ikke så skummel som den høres ut). Selvfølgelig vanskelig å si noe sikkert uten bilder, men jeg tror at sort beis i taket kan bli kjempe tøft som kontrast til panelveggene og sammen med de mørke veggene du har ute. På soverommene ville jeg vurdert en lun men lys grønn som LADY 8302 Laurbær, ønsker du en lysere mer nøytrale tone så se på LADY 10678 Space. Husk at alt av panel som skal males med dekkende maling (ikke der du skal beise) må grunnes med Jotun Kvist- og sperregrunning. Som toppstrøk velger du LADY Interior Finish eller LADY Supreme Finish. Møbler, dører, lister, vinduer og kjøkkenfronter som må tåle mer slitasje maler du med LADY Supreme Finish gjerne matt eller silkematt det synes jeg er finest på en hytte. Ute maler du med DRYGOLIN ULTIMAT eller den litt mattere OPTIMAL. Lykke til med alle valgt dette blir spennende, send oss gjerne lit bilder når du blir ferdig. :-)
Hei igjen, og tusen takk for spanande svar! Særleg svartbeisa tak er noko eg ikkje har tenkt på, det må vurderast! Eg reknar med at 1001 Egghvit er eit trygt val av kvitfarge til tak på soveromma i denne fargesamanhengen? Grunnen til at eg ville ha ein litt fargesterk blåfarge, er at eg gjerne vil få fargevalet til å passe saman med eit pledd og eit servise som eg har på denne hytta (bilete vedlagt). Eg ser at dette kan forstyrre det meir dempa jordtone-utvalet i forslaga dykkar, men det er litt spanande med brot òg synest eg. Finnest det ein djup men dempa blåtone som kan knyte saman Organic green-tonane med desse meir fargesterke og klare blå-, grøn- og gultonane? Eg legg ved eit bilete av stova det er snakk om. Veggen til venstre er ei stor glasskyvedør og det er veggen over sofaen+skråveggen opp til lampene eg gjerne vil male blå eller grøn. Igjen: Tusen takk for hjelpa!
Hei igjen :-)
Ja LADY 1001 Egghvit er et trygt og godt valg :-) Du kan gjerne hente inn blått men jeg ville valgt en bått uten rødt i undertonen, hva med LADY 5455 Industrial Blue eller LADY 5159 Retroblå ?