Anja

Kategorier:

Lister/dører/vinduer : Letthet

Hei, vi har ein stor fondvegg på kjøkkenet som vi ønsker å male gul, men vi har ikkje funne den rette fargen enno. Eg har lyst på ein fargesterk og frisk gulfarge, utan for mykje grønt eller raudt . Vi har forsøkt Mango Juice som vi synast blei for oransje/eggeplomme-gul, og Korngul som eg synast blei altfor blass. Har vurdert Spontan (for oransje?), Vibrasjon (for skittengul?) og Sommersol (for lys?). Kanskje ein litt meir kulørt versjon av Sommersol, 1050-Y, f.eks? Resten av veggane på kjøkkenet er malt i Letthet, og frontane er i Bomull, så det bør gå fint mot gult, men eg er open for å male dei også dersom det trengs.

2019-09-11 11:28:51

Fargerådgiver svarer:

Hei, Anja  LADY 10432 Spontan er rå-tøff og ikke for orange, mer mot litt "sur" en frisk deilig gul tone som står godt til både  LADY 1624 Letthet og  LADY 1453 Bomull :-) 

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Svar:

Takk for svar. Vi forsøkte Spontan, men den var altfor oker/skittengul etter vår smak. Endte opp med ein klar og fin gulfarge, 0560-Y, med mindre svart og utan raudt, og blei veldig nøgde. Uansett, takk for hjelpa.

16/10/2019 08:33:14

Fargerådgiver svarer:

Supert at dere er fornøyd :) Ha en fin dag!

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun