Anne-Hilde

Kategorier:

Lister/dører/vinduer : Kvit

Treng råd om kva kvitfarge eller beigefarge som kan høve på soverom samen med fargen laurbær. Har malt vegg med vindu og verandadør i fargen laurbær. Ynskjer dei 3 andre veggane i rommet med ein anna farge. Dagslys treffer desse veggane mest. Ynskjer ein lys kvit/beige farge som ikkje vert for skarp, men heller litt varm eller lun. Samstundes kan den godt framheve laurbær fargen også. Men det er viktig at den er lys. Forsøkte å bruke fargen kvitlyng på dei resterande veggane, men p.g.a lyset vart veggane alt for mintprega. Kan også evt. ha noko med grått i eller greige fargar, men kanskje desse vert for kalde?

2020-04-26 21:20:16

Fargerådgiver svarer:

Hei, Anne-Hilde hva med  LADY 1275 Mild eller den litt gråere  LADY 10678 Space de er begge lekre til  LADY 8302 Laurbær. Alle veggene i  LADY 8302 Laurbær kan også være lekkert, det er en behagelig grønnfarge å omgi seg med og absolutt ikke for mørk på et soverom etter min mening :-) Har du slett vegg/tapet så velg gjerne vår vakreste veggmaling noensinne  LADY Pure Color den gir veggene et supermatt, mykt og eksklusivt utseende med en unik fargegjengivelse. Har du panelvegg maler du med  LADY Supreme Finish.  Jotun garanterer riktig fargegjengivelse kun ved bruk av Jotuns produkter. Vi kaller det Jotun fargetrygghet. Lykke til :-)


Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Svar:

Takk for svar. Lure også på om ein kan bruke bomullsfarga lister til både laurbær og mild farge? Kva med farge på takplater til dette rommet? Noko forslag her?

28/04/2020 21:18:45

Fargerådgiver svarer:

Hei igjen :-)  LADY 1453 Bomull funker fint til begge. Har du  LADY 1453 Bomull på detaljer som dører, lister og vinduer er  LADY 1453 Bomull også i taket etter min mening det eneste riktige. Velger du et hvitere tak virker dine detaljer i  LADY 1453 Bomull gulere, med alt i  LADY 1453 Bomull opplever vi den som hvit :-) 

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Svar:

Hei, Tusen takk for gode råd. Dersom ein vil ha ein litt meir grønare nyanse enn laurbær eller litt djupare grønfarge, kva farge vil dåke anbefale då? Må ikkje vere for skarp, meir lun, men litt djupare som sagt. Må stå til mild og bomull også.

30/04/2020 09:45:47

Fargerådgiver svarer:

Hva med  LADY 7629 Antique Green den er mørkere og friskere. Vil du ha samme tone som  LADY 8302 Laurbær bare mørkere så se på  LADY 8252 Green Harmony disse er også fine til  LADY 1453 Bomull og  LADY 1275 Mild

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Svar:

Hei, Tusen takk for alle gode råd. Eg har eit anna spørsmål. Skal også male gang og trappeoppgang som ligg i tilknytning til soverommet som no er malt med fargen mild og laurbær. Me skal mest sannsynleg endre veggen med laurbærfargen til green harmony for ein litt djupare grønfarge slik som dåke har foreslått. Me ynskjer å male gang og trappeoppgang i fargen mild, men vurderar også ein lun gråfarge som ikkje er for mørk. Eit anna alternativ er å male gang og trappeoppgang med mild og ha ein vegg med kontrastfarge. Kva gråfarge og/eller kontrastfarge kan vere aktuelt til fargane mild og laurbær/green harmony? Veggen som evt. skal vere kontrastfarga har eit stort vindu i trappeoppgangen, men lyset treff på omliggande veggar. Me tenkjer å bruke bomull på lister slik som i soverommet. Kan det eventuelt vere fint med gråmalte vegger i gang/trappeoppgang med ein kontrastfarge eller vil dåke anbefale å halde fram med fargen mild og ha same grønfarge som på soverommet? Litt usikker på om grønnfarge vil vere høveleg som kontrastfarge i ein trappeoppgang, men kanskje det kan funke. Fargane frå gang/trappeoppgang skal glide fint i ein slags ton i ton kjensle inn mot soverommet. Når døra inn til soverommet står opent ser ein inn på veggen som er grønn frå gangen. Trappa skal også skiftast og me tenkjer eiketrinn i naturleg eikefarge eller kvitbeisa eik.

08/05/2020 12:38:42

Fargerådgiver svarer:

Hei igjen vi hjelper deg gjerne med fargeråd, men jeg må be om bilder av alle rom som skal males slik at jeg får et inntrykk av lysforhold, gulv og farger på dine møbler. Viktig at bildene er tatt i godt dagslys slik at farge-gjengivelsen blir så riktig som mulig. Uten bilder blir det dessverre vanskelig å gjøre en faglig god vurdering. Hører fra deg. :-)


Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun