Kategorier:
Lister/dører/vinduer : Klassisk kvit
Tilstøtende rom : Lady Sand og lady Mohair
Møbler/kjøkkenfronter etc. : Elegant og kalkgrå kjøkken, gult eikegolv, sandfarga sofa
Tak : Klassisk hvit
Hei! Vi skal ha nytt kjøkken, og då ballar det på seg, så klart! No skal vi male tak, vegger, dører og lister på nytt, og eg treng så sårt nokre råd frå damene som kan fargar så godt. Vi skal male gang, stue og kjøkken. Stue og kjøkken er i same rom med tilstøtande gang. Vi har Mohair i stua og den likar vi veldig godt akkurat der og så er det Sand i gangen og den fungerer godt. Alle tak, dører og lister er no i klassisk hvit, som jo er fint, men veldig kvitt. Så kjem vi til eit problem: alle fargar som blir anbefalt til Mohair blir for gule i dette rommet med stue/kjøkken, sikkert fordi det er sørvendt med masse lys. No er Mohair kombinert med tudor, og det fungerer, men eg vil skifte til ein varmare gråbeige farge, slik at heile det store rommet heng meir i sammen. Tenkte på Sand, men den blir litt for gul her inne. Så eit tilleggsproblem: kjøkkenet blir i tofarga i Elegant og kalkgrå. Då eg tok ut fargar til kjøkken visste eg ikkje at det var i kalkgrå. Det blir malt av kjøkkenprodusenten Kvanum og der heiter den Klippa, som seinare viser seg å vere heilt lik kalkgrå. Tenkte å male kjøkken og stue i kalkgrå (bort til Mohair-fargen), men les at kalkgrå kan «øydelegge» Mohair. Så eg prøver finne ein farge som eg kan ha på kjøkken og på vindusrekka bort til innerst i stua, og som er fin til farge i gangen. Kan ta ny farge i gangen òg, som sagt. Vil gjerne ha ein farge som glir inn, som ikkje blir gul/lyslilla/lysegrønn. Alt kan malast på nytt i gang, stue og kjøkken, så står egentlig fritt. Kan de hjelpe meg? Mvh Gro Ps: desse bileta viser nok litt dårlig heile rommet. Går det å sende fleire?
Her er teikning av nytt kjøkken utan farge på veggen. Så eit bilete frå stua inn mot kjøkken, og eit der du kanskje ser enden på stua med fargen Mohair. Dårlege bilete, men håpar de får eit inntrykk av rommet.
Hei, Gro jeg må være ærlig..... jeg sliter med å få LADY 1140 Sand og LADY 1233 Mohair og lysere toner som matcher disse til å gå godt mot ditt kjøkken. Kan vi starte helt på nytt å droppe både LADY 1233 Mohair og LADY 1140 Sand ? Jeg skulle også veldig gjerne hatt et nærbilde av den grå-beige sofaen tatt mot et hvitt ark, kan du ta med en pute ut på terrassen å knipse et bilde ? Gangen har jeg ikke fått bilder av ...er det åpen løsning fra stuen ut i gangen ?
Hei! Ååå! Tusen takk for svar! Ja, sant? Vanskeleg kombo! Jo, vi kan droppe Mohair i stua og sand i gangen. Det er berre at Mohair-fargen brukte eg lang tid på å komme fram til sist eg mala. Dei fleste gråfargar blei for blå/lilla i denne stua med masse lys, gult golv, grønnbeige sofa. Men kan gå vekk frå denne om vi må. Vi kan begynne på nytt sidan alt skal malast likevel. Kunne tenke meg letthet eller hvit klassisk i taket og gjerne samme farge vegg og vinduslister eller berre liten nyanse forskjell på vinduslister/vegg. Synst fargen på listene bør vere lik i gang og stue. Så kunne eg tenke meg litt lysare nyanse av kjøkkenet i kalkgrått (+dempet sort). Kalk vil passe til kalkgrått kjøkken, men synst den blei for lys/litt for kald i forhold til opprinnelige Mohair i stua. Det eg ønsker er ein varm gråbeige farge til kjøkken/stue. Vi kan male noko anna enn sand i gangen, men ønsker noko liknande. Sand i gangen no er fin. Så vi står ganske opent, då! Men må ta hensyn til at farger i dette store rommet fort blir for gult/gusjegrønt, kanskje mest pga gul eik på golvet og sørvendt med store vindu. Skal sende fleire bilder. Tusen takk for svar!
Hei igjen! Har eit ønske om å beholde Mohair lengst inne i stua, men sand i gangen kan bytast. Viktig at kjøkkenfargen glir fint sammen med fargen i gangen. Kan bytte Mohair i stua om eg finn ein like lun farge der.
Ja, er stor dør fra gang til stue som alltid er open.
Hei! Det står Hege som namn på dei to siste meldingane, men meinte Gro😄 Her er bilder frå gangen.
Hei😊 Som eit eksempel på korleis fargar oppfører seg på kjøkkenet/stua er at «Skandinavisk lys» blei veldig gul første gang eg malte dette rommet for mange år sidan. Så malte eg i Tudor, og den har vore fin, men litt for kald, synest eg. Eg kunne tenke meg ein lys/mellom lys, lun gråbeige farge på kjøkkenet som ikkje blir gul. Eg kan jo gjere det enkelt og male i samme som kjøkkenet, kalkgrått, men synest den er litt for mørk. Så no styrer eg veldig med å finne fargar, og må ha det klart til mandag. Blir utruleg glad for hjelp!
Hei igjen!😊Her er bilde av sofaputa. Så eit bilde med litt av vindusrekka bort til Mohair. Fargen er lysare (og finare) enn bildet her viser. Den vindusrekka irriterer meg fordi den er lite symmetrisk, så eg kunne tenke meg å «dempe» vindua ved å male listene samme/nesten samme som veggen, at dei ikkje er så kvite som no i klassisk kvitt særleg her. Men den listefargen bør gå igjen gjennom heile første etasje. Her ser du også peisen som eg trur blir fin med fargen «Meander» fr1945 eller «Elegant». (I allefall mot Mohair).Så er det eit bilde frå gangen oppe i fargen Sand som er nydeleg i dette rommet med lite lys, og med tilstøtande loftstue i Marrakesh. Vil gjerne beholde det slik her oppe. Håpar de får eit inntrykk av romma. Mvh Gro
Hei😊 Space er fin til Mohair. Trur du den også fungerer til kjøkkenet i kalkgrått og Dempet sort? Eller kan space vippe over til litt grønn då? Det ser ut til at det kan fungere i lyset her. Comfort grey ser òg fin ut, men til Mohair? Om vi har Space og Mohair i stue/kjøkken, kva lun gråbrun/greige lys/mellomlys farge kan bli fin i tilstøtande gang? Så tenker eg å male tak og taklister i Letthet og vinduslistene i Space. Kva synest du om det?😊 Mvh Hege
Hei, Gro jeg har prøve å holde tunga rett i munnen, men ikke lett med så mange kommentarer og innlegg. Når du legge inn en ny kommentar til tidligere dialog rykker du bak i køen, derfor litt sent svar.
LADY 1233 Mohair og LADY 10678 Space funker fint sammen og er lekre med LADY 1434 Elegant og LADY 1624 Letthet, MEN.... LADY 10342 Kalkgrå blir rød i undertone, spesielt til LADY 10678 Space men også LADY 1233 Mohair. Peis i LADY 1434 Elegant er tommel opp. Lister i samme farge som veggen er også tommel opp :-) Hva med LADY 1376 Frostrøyk eller LADY 10679 Washed Linen som lys grunntone og fondveggen mørkere i LADY 10429 Diskret eller LADY 10249 Sober. I gangen ville jeg valgt LADY 10342 Kalkgrå slik at du gjentar den fargen :-)
Velg gjerne vår vakreste veggmaling noensinne LADY Pure Color den gir veggen et supermatt, mykt og eksklusivt utseende med en unik fargegjengivelse. Jotun garanterer riktig fargegjengivelse kun ved bruk av Jotuns produkter. Vi kaller det Jotun fargetrygghet. Lykke til og god helg :-)
Tusen takk for gode råd! Washed linen er fin til kalkgrå, men eg ser at den kan bli grønn i visse lys her. Kjøkkenet er i kalkgrå og dempet sort, og eg ønsker egentlig samme farge på vegg, vinduslister og kjøkken, men synest kalkgrå blir for mørkt som hovedfarge. Då tenker eg at «Kalk» kan bli fin på vegg og lister på kjøkken og vindusrekka stue. Spørsmål 1: Er det andre fargar liknande Kalk men bitte litt mørkere som kan passe? Så ser det ut til at «Hipster brown» kan bli fin lenger inn i stua, og tenker byte ut Mohair med Hipster brown, for å unngå krash med det kalkgråe kjøkkenet. Spørsmål 2: Tenker du at kalk og hipster brown går fint sammen? Eller er det andre gråbrune/brungrå fargar som kan vere betre? Ønsker ikkje altfor mørk farge. Mohair er akkurat passe mørk her, så ein farge litt i samme styrke som Mogair er ønskeleg. (Egentlig kunne eg tenke meg at det ser ut som det er samme farge på kjøkken og stue, men vanskelig å finne den. Har tenkt på sand, som er fin i gangen, men trur den blir for lys inne i stua og for mørk på listene, sidan eg vil ha lister og vegg i samme farge). Så til spørsmål 3: Er det tommel opp for kalk og hipster brown? No er det klassisk hvit på tak og lister. Det er veldig mykje tak i stua, så lurer på om Letthet kan mjuke opp taket litt. Då kjem spørsmål 4: Vil Letthet få fram meir lilla i kjøkkenet i kalkgrått? (Vil ikkje ha lilla kjøkken). Bør eg beholde klassisk hvit? Så er det fargen i gangen: Tenker byte frå sand til kalkgrått sidan kjøkkenet er i kalkgrått. Men eg likar godt sand her, passe mørk, og synest kalkgrå er ein tanke for mørk. Men her skal dører og vegglister malast i kalk, slik at det er likt som tilstøtande kjøkken/stue, og kalk og sand er nok ikkje så heldig kombo? Er det ein annan lys, greige, gråbrun farge som er fin til dører/lister i kalk og med tilstøtande rom i kalk? Har sett på Comfort grey som ser fin ut på prøveark. Om eg ikkje finn noko anna, vil kalkgrå fungere. (Her gløymde eg sette nr på spørsmålet🤓). Tusen takk for hjelp! Mvh Gro
Her ble det mye frem og tilbake....usikker på om jeg skjønner hva du mener, men jeg prøver.
1. Jeg synes LADY 10341 Kalk er suverent best til LADY 10342 Kalkgrå men LADY 12077 Sheer Grey kan fungere (dine lysforhold er avgjørende)
2. LADY 10965 Hipster Brown har mindre rødt i undertonen og kan vippe mot "grønt" sammen med de greige tonene så den ville jeg droppet da er LADY 1233 Mohair bedre. Min anbefaling er LADY 10429 Diskret.
3. sammen med greige toner som dit kjøkken i LADY 10342 Kalkgrå bør du behlde LADY 9918 Klassisk Hvit på alt av hvite detaljer.
4. Utgår da jeg synes du skal beholde LADY 9918 Klassisk Hvit.
5. Tror det var her jeg ramlet av..... Skal du male lister i LADY 10341 Kalk må du etter min mening luke ut LADY 1140 Sand.
Oppsummert ville jeg valgt en greige palett med: LADY 9918 Klassisk Hvit, LADY 1622 Refleksjon, LADY 10341 Kalk, LADY 10342 Kalkgrå og LADY 10429 Diskret hos deg, dette er greige toner som går lekkert ton i ton og som kan mikses og matcher i ulike rom uten at det blir feil til kjøkkenfrontene.
Tusen takk for eit veldig nyttig svar! Og ja, skjønar godt at det blei forvirrende med så mykje fram og tilbake. Likevel forstod du alt eg lurte på. Eg prøvde Sheer grey og synest den blei litt for grå. Tenkte du Refleksjon som alternativ 2 til kalk? Eg kunne tenke meg ein basefarge som går fint til kalkgrå men som er lysare enn kalkgrå og mørkare enn kalk. Det hadde vore kjempefint å male kjøkkenvegg i samme som kjøkkenet, men fryktar kalkgrått kan bli lilla i stua i sollys. Så då er kalk tryggare, sjølv om den òg ser ut til å kunne vippe til noko anna (grønn) i dette sørvendte rommet. Det blir nok kalk uansett, i mangel på noko anna. Ja, ser at Diskret er nydelig til kalk og kalkgrå, og i dette rommet blir den spesielt fin i dagslys. Den skal eg sjekke ut nærmare. Det eg har sett til no med prøveark, er at Diskret i kveldslys kan bli for grå her på den store veggen. Hipster brown ser mjukare ut enn diskret i kveldslys, og det er det «mjuke» uttrykket eg er ute etter. Med Diskret fryktar eg ein stor mørkegrå vegg. Men som du seier kan Hipster brown bli grønn, spesielt i sollys. Kva med evt Band Stone her? Blir så glad for svar! No nærmar eg meg omsider ei avgjerd!😄😅 Tak og taklister: klassisk hvit vinduslister og dører: kalk Kjøkkenskap/benk: kalkgrå og dempet sort Kjøkkenvegg/kjøkkenallrom: kalk Stue: Diskret (eller band Stone?) I loftstua er det Marrakesh og alle lister og tak i klassisk hvit. Det hadde jo vore fint med lik farge på vinduslistene oppe og nede, men det blir vel feil å male vinduslistene her i kalk også? Kva farge trur du er best på vinduslistene i Marrakesh-stua? Denne stua er tilstøtande gangen i kalkgrå. Tusen takk for den gode hjelpa! Mvh Gro
Hei igjen! Mykje fram og tilbake og fram igjen, men no trur eg at prosjektet nesten er landa. Så no vil eg at du ser vekk frå meldinga😅 Vi har bestemt oss for å male veggene i kalkgrå, slik at kjøkken og vegg får samme farge. Eg trur ikkje rommet vil opplevast som grått og mørkt, slik eg frykta. Men skal vinduslister og dører vere i kalk eller kalkgrå? Blir det rotete med tak/taklister i klassisk hvit, vegger i kalkgrå og vinduslister i kalk? Ønsker å dempe vinduslistene litt og ikkje male dei i klassisk hvit. Men synest det er fint med ein liten knekk mellom vegg og vinduslister. Kva ville du gjort? Så blir det Diskret innerst i stua. Fargen i gangen får eg ta når stua/kjøkkenet er ferdig malt, men her må jo også listene og dørene vere i samme som stua/kjøkkenet. Håpar du kan hjelpe😊 Mvh Gro
Hei, Gro tar jeg ikke helt feil så har Hege fått svar tidligere i dag vedrørende lister ;-)
Ja, i forsøk på å gjere spørsmålet litt enklare å svare på😊