Knut

Kategorier:

Lister/dører/vinduer : Alt i 1453 Bomull S 0502-Y

Møbler/kjøkkenfronter etc. : Kjøkkenfrontane blir i S 0502-Y. I stova kan det bli møblar i bjørk.

Tak : Alle tak er i 1453 Bomull S 0502-Y

Hei! I samband med bygging av ny einebustad, har vi tidlegare fått gode råd hos dykk når det gjeld utvendig farge (huset er no malt i fargane de føreslo, og resultatet vart veldig bra). No er tida komen til å male innvendig, og vi håpar på hjelp også denne gongen: Vi vil gjerne ha forslag til veggfarge i gang (hall/trapp), stue, kjøkken og loftstue (dvs. romma markert med lysegrønt på vedlagde husteikning). I dei doble dørene mellom gang og stove, og mellom stove og kjøkken, er det mørkeblå pynteglas (sjå vedlagde bilde). Desse dørene blir stort sett ståande opne, så det er kanskje greit om fargane i desse romma passar sånn nokon lunde til kvarandre. Også fargane i gang og loftstue bør passe saman. Ei horisontal list i trappeopningen vil danne skilje mellom desse veggfargane. I loftstua er det mønt himling (3,8 meter takhøgde i mønet). Huset er i sveitserstil, og i dei nemnde romma er det ståande perlestaffpanel på veggane. Det er også perlestaffpanel i taket. På golva blir det eikeparkett (lakka, utan fargepigment), bortsett frå i gangen, der det blir fliser (sjå vedlagde bilde, fargane på bildet kan vere feil, men fargekodane syner nærmaste NCS-kode). I gangen ønskjer vi ein farge som passar til flisene. Denne fargen treng ikkje vere lys. Kanskje ein av fargane i flisene kan brukast? I stova ønskjer vi ein lys og lun farge. På kjøkkenet har vi lurt om ein litt varm, blåfarge kan passe (så sant det ikkje blir "kræsj" med fargen i stua). Merk at kjøkken og stue vender mot nordaust (sjå kompassrose på husteikningane), i tilfelle det har noko å seie for val av fargar. I tillegg ønskjer vi ein litt lys, blå veggfarge på eitt av soveromma (med vindu mot søraust). Men vi blir litt "skremt" av denne artikkelen: https://lady.inspirasjonsblogg.jotun.no/den-perfekte-blafargen/. Her står det bl.a. "Når det gjelder blått er det de lyse blåtoene som er mest sensible for gylne hvittoner. Her kan man dessverre fort ende opp med hvite detaljer som ser veldig skitten-gule ut inntil en lys blåtone. Og dersom blåtonen i tillegg er rødlig, altså varme i tonen, vil i tillegg blåtonen kunne dra seg litt i en lilla retning". Finst det i det heile nokre blåfargar som passar når tak, vindu, lister og dører er malt med 1453 Bomull S 0502-Y? Eller kor mørk må blåfargen vere for at det kvite ikkje skal sjå skittent ut? Vi har god kjennskap til NCS sin fargemodell, så de kan eventuelt svare med NCS-kodar, eller frå kva område i fargemodellen de meiner vi vil finne passande fargar. Ta kontakt att om de treng fleire opplysningar.

2020-09-14 20:10:11

Fargerådgiver svarer:

Hei :) Lysforhold, gulv og møbler påvirker fargene i svært stor grad. I tillegg har farger med smak og behag å gjøre. Jeg vil foreslå at dere vurderer en varm dempet blåfarge i møte med flisene, og jeg vil foreslå  LADY 4629 Skyggeblå i hallen,  LADY 1376 Frostrøyk i stuen,  LADY 7628 Treasure på kjøkkenet og  LADY 0553 Ascott i loftstuen. Er dette farger du kan trives med? De vakre, matte veggene som gir et mykere og lunere interiør, får du ved å velge  LADY Pure Color supermatt eller  LADY Balance matt. Matte vegger gir deg et eksklusivt preg og et diskret bakteppe for annet interiør.

Ønsker man en vegg som er robust, flekkavvisende og ekstra vaskbar, velger man  LADY Wonderwall matt (05). Spesielt bruksvennlig for kjøkken og entre/gang.

Detaljer i treverk som panelvegg, lister, vindu, dør, karmer, kjøkkenfronter og møbler males med  LADY Supreme Finish. Den får du i glansgradene matt, silkematt, halvblank og superblank.

Slett tak og taklister maler du med  LADY Perfection som er en helmatt takmaling med stort fargeutvalg. Har du panel tak så er  LADY Interior Finish eller  LADY Supreme Finish et godt valg. :-)

Det er viktig at fargene blir testet hjemme hos deg med dine lysforhold, gulv og møbler. Gulv er en stor flate som spiller en viktig rolle for hvordan fargene oppleves.

Jotun garanterer riktig fargegjengivelse kun ved bruk av Jotuns produkter. Vi kaller det Jotun fargetrygghet. Vi ønsker deg lykke til. :-)


Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun