Kategorier:
Lister/dører/vinduer : Bomull
Hei! Eg er ute etter ein farge til kjøkkeninnreiinga mi, og eg ønskjer ein gamaldags blåfarge, type "fugleegg". Eg har prøvemalt med Sjøgløtt, men den synest eg blei litt for lys og "umetta", litt blass. Eg har også prøvemalt med Sjøutsikt. Den likar eg betre, men synest den er litt for sterk og klar blå. Eg lurar på om de har ein farge som har omlag same forhold mellom blå og grøn som desse, men som har litt meir kvitt og svart i seg enn Sjøutsikt. Altså ein slags mellomting mellom Sjøgløtt og Sjøutsikt, men ikkje for lys. Mvh Ingrid
Hei Ingrid, ta en titt på S2010-B30G den er en mellomting mellom LADY 5225 Sjøgløtt og 5156 Sjøutsikt S3010-B30G.
Takk for raskt og godt svar! Eg har prøvemalt den no, og synest fargen blir litt for klar, litt babyblå, om du skjønar. Har de ein farge med ca same styrke (lys/mørk) og ca same forhold mellom blå og grøn, men som er litt dusare/gråare?
2005-B30G er gråere men jeg må advare deg om at dine detaljer i LADY 1453 Bomull kan bli litt gule i møte med disse kjølige helt lyse tonene. Ønsker du å unngå at fargen skal bli baby blå ville jeg vurdert litt dypere toner som er litt grønnere, hva med LADY 7163 Minty Breeze, LADY 7637 Exhale eller LADY 6315 Jade :-)
Tusen takk! No har eg landa på Jade, det blir knallfint! 😊