Kategorier:
- Stue
- Barnerom
- Soverom
- Kjøkken
- Gang
Hei! Vi har nettopp kjøpt oss nytt hus: https://www.finn.no/317617311 Som de ser, så er absolutt alle veggar kvite. Det er litt lite inspirerande syns vi, og samtidig er det litt vanskelig med så blanke ark. Med tanke på at huset er frå 2012, så går eg ut ifrå at fargen er bomull, men sidan vi ikkje har tatt over så kan ikkje eg garantere det. Vi ser for oss at vi iallfall vil male kjøkken/stove, nokre møblar til desse romma, og dei to soveromma nede snart. Kanskje også gangen, viss ikkje får den vere kvit ei stund til. Og her treng vi altså litt hjelp. Først litt generelt om kva vi liker: I grunnen er ikkje stilen på huset vår favoritt, for vi elskar begge gamle, koselige sørlandshus. Blågrøne fargar er favoritten, og svart og lillatonar er kanskje det som er minst favoritt (blå, grøn og haustfargar liker vi mykje bedre!). Det viktigaste er ikkje at det er moteriktig, men at det følast koselig og avslappande, og evt også eit snev av kult og kreativt. Vi er ikkje redde for skarpe fargar i interiøret, men akkurat veggfargen ønsker vi gjerne skal vere av det litt dusare slaget. Kjøkken/stove: Vi er altså begge veldig glad i blågrøne fargar, og Jotun Iconic er vår favoritt på panelveggar i rom med mykje lys. Vil den funke her også på slette veggar, eller bør vi velge ein annan? Og skal vi ha den på alle veggane? Vi har eit par innslag av knallraudt som blir ståande framme, f eks kjøkkenmaskina, så fargen bør funke til det. Eg har også arva spisestuemøblar frå 40-talet. Diggar dei gamle, solide møblane med litt snirkel i mønsteret, men ønsker gjerne å male dei for å gi dei litt nytt liv. Det er altså bord, stolar og eit par skjenkar. Tips til farge tek eg imot med takk! Har også eit gamalt og solid vitrineskap som eg har tenkt å ta av dei øvste dørene på, ta vekk nokre hyller, henge opp pendellampar og lage det til ein stilig kaffibar. Her treng eg også fargeråd. Har tenkt på ein eller annan gulfarge på utsida, men er veldig i tvil. Soverommet vårt nede: Ein avslappande farge. Soverommet til jentene nede: Har tenkt på ein grønfarge, kanskje? Må vere litt tidlaust, så kan vi heller bytte ut møblar o.l. etter kva dei liker. Dei er ikkje prinsessejenter, men Peppa Gris står høgt i kurs, og det skal bl a inn ei slik seng: https://www.eurotoys.net/product/Gurli_Gris_junior_seng_u_madrass_Gurli_Gris_Boernemoebler_659021.asp?site=324&vn=242-659021 Det må altså gå til litt rosafargar likevel. Gangen: Tips til farge, evt om den berre skal vere kvit? Øverste etasje får vere ei stund til, vi får meir enn nok å gjere med å male resten med to små i hus… Og det minste rommet i hovudetasja tenker vi å lage til leikerom med ein koselig tapet på veggane. Sett stor pris på tips og råd!
Hei Linda
Det vil så absolutt bli lekkert med LADY 6378 Iconic i stue og kjøkken hos deg. Hva med å male veggen bak din TV som er i et annet materiale i en mørkere farge som LADY 5180 Oslo som er lekker sammen med LADY 6378 Iconic og vil gi et fint dempet bakgrunn for filmkvelder. LADY 1632 Rock Sugar som da vil bli et fin farge på ditt bar møbel vil jeg foreslå LADY 5489 Free Spirit på resten av dette møbelet i møte med den lysere LADY 6379 Cityscape på stoler og bord. LADY 6379 Cityscape er mørkere enn LADY 6378 Iconic og vil da gi en fin rolig flyt mellom møbler og vegger. På soverommet vil jeg foreslå LADY 8494 Organic Green som er en mørk dempet gyllen grønntone. Fin farge å finne roen i. På barnerommet vil da den lysere LADY 8469 Green Leaf eller den mer friskere kulørte LADY 8565 Hope bli fine grønntoner i møte med rosa seng ;) Gangen vil jeg foreslå du velger å male i en farge som er mindre hard enn hvitt. Se på LADY 10678 Space eller LADY 10679 Washed Linen som vil gi en fin overgang til LADY 6378 Iconic i hovedrommet ;)
Klikk deg inn på fargelinken, der kan du lese mer om fargetonene, se større bilder og finne mer inspirasjon. Husk at dine lysforhold, gulv og møbler kan påvirke opplevelsen av fargen. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller.
vår vakreste maling - til slette vegger
Markedets beste maling - til tre og panel
perfekt helmatt finish til slette tak