Kategorier:
- Stue
- Kjøkken
- Gang
Hjelp! Treng tips og råd til fargesetting av huset vårt, har så lyst å få til ein raud tråd, eller iallefall eit godt samspel, gjennom heile huset. Me har ganske opa løysing i hovedetg., og det gjer fargevala litt ekstra utfordrande synest eg. Trivst godt med jordfargar, og har blitt veldig glad i varme, lune tonar. Merkar at eg dreg mest mot ganske nøytrale fargar, men synest det kan verte litt monotont. Vil derfor prøve å bruke litt fargar. Først litt generelt: -Golvet vert ganske lyst, men ikkje kalde tonar, synest eg (Pergo fresh nordic oak). -Vindaugsrammene er i dempa sort. -Dører vert i dempa sort. -Trappa får handlist og vangar i dempa sort, og trinna vert i lys eik (likt som golvet). -Det vert listefritt ved tak, og lister ved dører og golv tenker eg i utgangspunktet skal ha lik farge som tilstøtande veggar. Likeeins med vindusforingane. -Kjøkkenet er frå Sigdal, med fargen “høst”, NCS S 7005-Y20R. Benkeplate i heiltre eik. -Sofa og stol i område P og O vert i ein bruntone (sjå vedlegg). -Sofa i område N er ikkje heilt landa endå, men vurderar ein djup grønntone (sjå vedlegg), men mørk beige er også aktuelt. -Elles vert det nok ein del innslag av treverk både på tvbenk, spisestuebord, sofabord o.l., i kombinasjon med svart. Fargen på taket synest eg er veldig vanskeleg å lande, for den skal passe ilag med alle fargane i hovedetg. Har tenkt at t.d. soothing beige kan vere ein aktuell kandidat her? På vegg H og I (kjøkkenet), samt J og K tenker eg at “impression” kan vere aktuell. Synest den verkar fin mot kjøkeninnreidninga (NCS S 7005-Y20R). Vidare inn i stova (L-M-N) har eg vurdert “refined yellow”, kanskje i kalkutførelse. Her skal også den potensielt grøne, eller mørgebeige, sofaen vere. Vidare i stova (P og O), tenkjer eg “Marrakesh” er aktuell. Der skal eg ha sofaen i bruntonar. -På vegg A-B-C-D har eg tenkt “green leaf”, og på E-F-G (som går vidare ned i underetg.) “raw canvas”, og på tilstøtande veggar i underetg. (R og S), “cashmere”. I kjellarstova (T-U-V-W) tenker eg t.d. “devine” både i veggar og tak (ganske lys, grå, sofa der.). Først og fremst: -Kva tenkjer du om desse fargesamansetninga? Passar dei ulike fargane saman? Nokre av dei som vil kræsje? -Elles så er eg usikker på om det vert uroleg med så mange ulike farger? Om uttrykket hadde blitt rolegare dersom eg gjekk for same farge på A,B,C,D,E,F,G f.eks, og likeeins i stova; same farge på L,M,N,O,P? -Litt usikker på den “refined yellow”, mest for det eg tenkjer at det er litt “crazy” å velje gult i stova. Samtidig er den veldig fin. Av fargar er eg nok personleg mest glad i grønn, så har også vurdert “green leaf” i stova. -Andre fargar eg likar godt er m.a. green harmony, mohair, muskattnøtt, soft brown, thoughtful, present, antwerp beige, modern beige, varmgrå, kalkgrå, form. Kom veldig gjerne med forslag til heilt andre fargar, og kombinasjonar.
Hei Stine, det jeg kan mene noe om basert på informasjonen jeg har fått og kun plantegninger er fargene. Hvilke farger som bør hvor og mot hvilke møbler kan jeg dessverre ikke svare på :-)
Først vil jeg starte med å si at fargene du har funnet fungere sammen det eneste jeg reagerer på og ville endret er LADY 1623 Marrakesh som er tiltenkt stue på vegg P og O, den blir litt rødlig sammen med LADY 12082 Refined Yellow som er tiltenkt stue vegg L, M og N. For å få litt mer kontrast i fargepaletten ville jeg erstatte LADY 1623 Marrakesh med LADY 12181 Soft Comfort den er rålekker sammen med alle fargene du har valgt og det at den har mer dybde gjør at den fremhever de andre fargene mer. LADY 12181 Soft Comfort er også rålekker sammen med kjøkkenfrontene i Høst S7005-Y20R. Hvis jeg skulle ender på en ting til ville jeg erstatte vegger og taket i LADY 12083 Devine T,U,V og W med den litt dypere LADY 12120 Desert Pink. LADY 12075 Soothing Beige til taket passer til alle disse fargene. Håper dette hjelper deg litt :-) Klikk deg inn på fargelinken, der kan du lese mer om fargene, se bilder og finne mer inspirasjon. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller. De vakre, matte veggene som gir et mykere og lunere interiør, får du ved å velge LADY Pure Color supermatt. Matte vegger gir deg et eksklusivt preg og et diskret bakteppe for annet interiør.
vår vakreste maling - til slette vegger
vakker, matt og robust - til slette vegger
Markedets beste maling - til tre og panel
vakker, matt og god for inneklimaet - til slette vegger
perfekt helmatt finish til slette tak
Takk for svar, og gode innspel! Eg hadde ei prøve av soft comfort liggande, og ser at den tek seg veldig godt ut saman med fargen på kjøkkenfrontane. No har eg miksa litt om, og vurderer Impression, soft comfort og raw canvas på stue/kjøken. Framleis Soothing beige i taket. Ka tenker du om den kombinasjonen? I entre, hall ned mot kjellar, hall i kjellar og kjellarstove, vurderar eg no Green Leaf, Muskatnøtt (veldig glad i den, Mohair og Marrakesh, så har lyst på ein av dei, ein plass), Cashmere og vidare Refined Yellow på kjellarstove. Spelar desse greit på lag? Eller vert det feil med Muskatnøtt mot Cashmere? Lite kontrastar?
Hei Stine, jeg synes at LADY 10961 Raw Canvas blir litt "grønn" ( satt på spissen i møte med LADY 12125 Impression så i stue/kjøkken ville jeg tatt ut LADY 10961 Raw Canvas og brukt LADY 12075 Soothing Beige på både vegger og tak, en farge mindre vil gi et roligere inntrykk totalt sett. Nede holder jeg en knapp på LADY 1233 Mohair sammen med LADY 8469 Green Leaf og i møte med LADY 10683 Cashmere.