Kategorier:
- Kjøkken
Hei, vi skal oppgradere eit lite kjøkken i ei leilighet frå 60-70-talet. Kjøkkenet er berre 5 kvm, har eit vindauge og to dører (ei vanleg dør og ei skyvedør, begge i mørkt tre frå byggeår). Tak og lister er kvite, eg har ikkje fargekode, men oppfattar dei som heilt kvite (ikkje i retning gult). Vi skal sette inn Epoq Trend Pistachio (https://www.elkjop.no/product/epoq-kjokken-og-vaskerom/kjokken-og-vaskeromsprodukter/epoq-kjokkenserier/epoq-trend/epoq-trend-pistachio-ramme-til-kjokken-233x5/E102233002PC) med NCS-kode S-2010-G60Y. Planen er å kjøpe ei lys benkeplate, Level terazzo benkeplate frå Coop Obs bygg (https://www.obsbygg.no/bygningsplater/benkeplater-og-kitchenboard/2667455?v=ObsBygg-7070712638467&_gl=1*iu8gk7*_up*MQ..&gclid=Cj0KCQjwrKu2BhDkARIsAD7GBouk2mzF_crKK4s3JO9leWfNM5fAK5NcLFZhjcbtnmKt6JIoKDzQ_dsaAtS7EALw_wcB). Vi skal behalde eldre plassbygde overskap og planen er å male desse i samme farge som underskåpa. Ventilator, vask, armatur og handtak er i stål. Kjøleskåp og komfyr er kvitt. Tilstøytande rom er stove og gang. Stova har eit eldre tregolv som er noko gulna, og ein greige farge som går mot gult. Gangen har golvbelegg som imiterer tre, og er noko mørkare enn stovegolvet, men veggfargen er tilsvarande. På kjøkkenet er det i dag eit svart/mørkt golvbelegg som vi planlegger å bytte ut, men er usikker på om vi skal gå for noko mørkt som går mot svart, eller om vi skal prøve å finne noko som liknar i farge på stove/gang slik at golvet i større grad får ein heilhet over seg. Spørsmålet mitt er kva farge vi bør velge på veggane på kjøkkenet? Leiligheta er utleigd, og eg legg ved nokre bilete. Bilda er frå to ulike leigetakarar og lysforholda gjer at fargane ser ulike ut, men det har ikkje vore mala i mellomtida.
Hei Lene, takk for bilder :) Dine kjøkkenfronter i S2010-G60Y er den samme som vi kaller JOTUN 8119 Vårstemning. Det varmer mitt hjerte å lese at dere skal beholde de unike overskapene som tilhører tidsepoken.
Da jeg ikke kjenner til NCS fargekoden i stuen må det bli opp til deg å vurdere farger jeg foreslår i møte med stuen. Slik jeg oppfatter er denne relativ gyllen.
Jeg vil be deg ta en titt på LADY 12083 Devine, LADY 1376 Frostrøyk eller hva med LADY 20217 Muted Coral som vil gi en tøff kontrast :)
Klikk deg inn på fargelinken, der kan du lese mer om fargene, se bilder og finne mer inspirasjon. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller. De vakre, matte veggene som gir et mykere og lunere interiør, får du ved å velge LADY Pure Color supermatt. Matte vegger gir deg et eksklusivt preg og et diskret bakteppe for annet interiør.
vakker, matt og robust - til slette vegger
Markedets beste maling - til tre og panel
perfekt helmatt finish til slette tak