Kategorier:
- Soverom
- Gang
Hei, eg har ein gang eg har lyst til å male om. Stova mi er butinox solstøv og køkkenet er frostrøyk på vegg og fronter S3502-Y50R. Gangen treng spele mest på lag med solstøv. Akkurat no er den malt i jotun lys syrin. eg er glad i lavendelfarger men syns den blir litt for sukkersøt. vil styre vekk frå sukkersøte farger og vil heller ha det litt meir rolig og harmonisk. Gangen er smal og har ingen direkte lys så den må ha ein ganske lys farge. I enden av gangen er eit soverom vendt mot nordøst som eg også treng ein farge til. detaljer i stova er i svart, krom og kvit. sofa er mosegrønn, teppene er kvite/lyse med spetter av brunt, setene på stoler i ein lys gusjegrønn. har litt rosa der men jobber mot å heller gå mot brunt eller ein variasjon av raud. har eikegulv og eikebord.