Kategorier:
- Gang
Lister/dører/vinduer : Er hvitt i taket, typ frostrøyk. Er beigegult på nokre av listene og den baderomsdøra, mens kvitt på døra til stova.
Hei! Eg har tatt kontakt nokre gongar, og har til slitt landa på å ha farga exhale i stua. Nå er det gangen som står for tur:) Og der kunne eg gjerne tenkt meg ei varm, ljos, og nøytral farge. Kontekst: Gangen er måla med skandinavisk lys, men den blir litt kjedeleg og gammaldags, spesielt fordi listene og baderomsdøra er veldig gulaktig i farga. Eg har dessverre ikkje fargekode på listene. Gangen er veldig liten, så eg ønsker meg ei farge som er ljos, slik at gangen kan føles «open», og ikkje lukka. Samtidig vil eg ikkje ha ei farge som er for ljos, fordi eg er redd for at det kan bli veldig skarpt. Vil gjerne ha ei farge som er litt «dempa» i uttrykket. Det hadde vore kjekt om farga kunne ha passa med farga exhale, som er i tilstøtande rom, men gangen kan lukkast med dør, så det er ikkje så viktig at den matchar med exhale. Elles så hadde det vore kjekt om den matchar med dei beige-gule listene, men eg er også open for å måle om listene. Men døra vil nok fortsetje å vere beige-gul. Eg leigar leiligheita, så farga må også vere nokonlunde nøytral/komfortabel, altså ikkje for «crazy» til neste leietaker. Eg har tenkt på farger som linblå, dusky blue, ocean air - men dette er kanskje alle farger som er litt grålige og kalde i tonen? Eg er også open for gule fargar, og har tenkt på fresh pasta, men er redd den blir for skarp. Vil helst ikkje få eit «gammaldags» uttrykk som det fort kan bli med exhale og gul saman. Eg har også prøvd muted coral, men syntest den vart litt for mørk. Har blitt anbefalt farga kalk av ei venninne - og den kan sikkert vere fin, men er usikker på om den også blir litt kjedeleg i gangen. Den gir kanskje ikkje glede eller den «wow, så kult det var her»-effekten, hehe. Spent på å høyre kva du tenker kan passe! Mvh, Oda Elise
Hei Oda Elise
LADY 5249 Linblå, LADY 5200 Dusky Blue eller LADY 4894 Ocean Air vil gi en fin glidende overgang til LADY 7637 Exhale.
Jeg vil foreslå LADY 10246 Velvet dersom du vil ha en gultone i møte med LADY 7637 Exhale ;)
Klikk deg inn på fargelinken, der kan du lese mer om fargene, se bilder og finne mer inspirasjon. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller. De vakre, matte veggene som gir et mykere og lunere interiør, får du ved å velge LADY Pure Color supermatt. Matte vegger gir deg et eksklusivt preg og et diskret bakteppe for annet interiør.
vår vakreste maling - til slette vegger
Markedets beste maling - til tre og panel
perfekt helmatt finish til slette tak