Kategorier:
- Stue
Hei Vi har nyleg kjøpt eit hus frå 70-talet som vi skal bygge om. Den eine stova blir truleg det siste vi tek, så for å ha det noko lunde hyggeleg der i mellomtida ynskjer vi å male veggane i ein vettug farge. Stova er vend mot sør-vest, og har mykje naturleg lys inn via 2 store skuvedører med to breie panel kvar (typ 4 store glassflater frå golv til nesten tak). Huset ligg 700 moh, og ved klårvêr er det utsikt fleire mil nedover dalen mot Mjøsa og mot andre sida av dalen med fjell. Stua går over i ein mellomgang til soverom. Mellomgangen skal ha samme farge som stova. Frå før er det ei blanding av gulna panel og panel malt i Jotun Exhale. Denne har eg slett ikkje sans for. På golvet er eldre, noko gulna trestavs eikeparkett. I taket er det takess, usikker på farge, truleg "standard" for takess back in the days. Same farge på taklister. Golvlister ein type lakka eik. Dørene er heiltre gul eik med og utan Glas. I rommet er det også ei steinrøys av ein peis med lys mur, samt ein klebersteinsomn, som også må takast hensyn til ved fargeval. Vi målar gjerne taklister, samt gardinbrett og karmar på skyvedører same farge som vegg, dører og karm rundt rød samt golv list forblir eik så lenge. Møbelmessig er det ei spisestove i Teak å ta omsyn til, av typen med ein djupare farge (ikkje så oransj). Tilstøytande rom er ikkje veldig nøye å ta omsyn til, dei skal byggast om tidlegare i prosess, og får både andre materialar og fargar. Dei kan også kan stengast av med dør. Eg har eit anstrengt forhold til grønt på stove, så unngår gjerne det. Sjå elles vedlagde foto.
Hei! :)
I møte med ditt smykke av en peis, samt det rødlige gulvet vil jeg anbefale dere å teste 11068 Warm Dunes eller 11206 Coral Sand. Lune, lekre farger som jeg tror vil skape en deilig atmosfære i stuen deres. :) Husk å grunne panelet med 2 strøk Jotun Kvist- og sperregrunning før maling.
Klikk deg inn på fargelinken for å se større bilder av de anbefalte fargene. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller.
Markedets beste maling - til tre og panel
perfekt helmatt finish til slette tak
Jotun Kvist- og sperregrunning
Best sperrende effekt
Til store flater, vegg og tak