Kategorier:
- Enebolig
Me skal totalrenovere eit våningshus frå 1875. På tunet står det ein sidebygning/bryggerhus som er ganske stort. Dette er tidlegare målt i fargen Kardemomme til Flugger (gammal farge). Når eg tek Jotun sin Antikkhvit inntil så er det ganske likt eigentleg. Karmane er heilt kvite og ytterdører/port er Jotun sin Varm oker. Det står også ein stor, raud låve på tunet, og ein liten raud bygning som var smie. Huset skal totalrenoverast og hevast 80 cm, og det skal byggast ark. Så uttrykket på huset blir eit heilt anna. Det var tidlegare eit sveitsarhus, som me skal ta tilbake til den gamle stilen med flott inngangsparti og krysspostvindauge. No er det nesten vanskeleg å skille våningshuset frå byggarhuset. Me skal velje farge på våningshuset, inkludert grunnmur, og eg tenker i utgangspunktet kvitt. Men eg liker kvite karmar, og kvitt hus, men at kvitfargen på karmane er ein del lysare enn husfargen, slik at dei skiljer seg ut. Litt likt som bryggerhuset eigentleg, men eg vil ikkje ha eit beige hus. Så er eigentleg på leit etter to kvitfargar, men der karmfargen er enno kvitare enn husfargen. Eg tenker at det er fint om våningshuset og bryggerhuset skiller seg frå kvarandre litt. Tradisjonelt har vel bryggarhus gjerne vore gule, så det kan vere aktuelt å måle heile bryggarhuset gult på sikt, men ikkje sikker på det. Dette bryggarhuset er veldig stort, og har blitt brukt til utleige i lang tid, og gamle bilete syner at det har vore kvitt sidan 50-talet iallefall, så me lurer på om det kanskje aldri har vore tradisjonelt gult (blei bygd nytt i 1942). Det har nesten eigentleg alltid vore som eit ekstra hus på tunet, og ikkje eit tradisjonelt bryggarhus, kanskje derfor det ikkje var gult. Me skal også ha tofløya inngangsdør med vindauge i. Denne tenker me skal vere i ein grønfarge. Har du tips til den også kanskje? Tusen takk!
Hei, takk for bilder :) Hvilket spennende prosjekt det vil bli! Jeg vil gjerne at du sender meg bildet av skissen på hvordan våningshuset vil bli. Det vil da bli lettere å gjøre en vurdering. Hvilket tak skal det bli, fremdeles sort? Hører fra deg :)
Hei! Me tenker svart tak vidare, sidan bryggarhuset og låven allereie har svart tak. Her er skisser av ny situasjon. :) Berre sjå bort frå fargane, det var berre litt prøving og feiling, vil ikkje ha så beige.
Hei, takk for skisse. Dere for ett lekkert hus :)
Om du skal ha hvite vinduer kommer disse ofte i JOTUN 1453 Bomull. Jeg vil da anbefale deg den samme hvittonen på kledningen da ulike hvittoner ikke er optimale sammen.
Som kontrast til LADY 1453 Bomull på kledning vil det ikke bli feil å gjenta JOTUN 0343 Antikkhvit (tilsvarende Kardemomme til Flugger) på detaljer slik som vinduskarmer slik at byggene snakker sammen. Du kan også vurdere JOTUN 8426 Dewy Green :)
På dør ser jeg for meg JOTUN 8413 Herregårdsgrønn eller den dypere JOTUN 0745 Grønn Umbra vil bli rålekkert!
Klikk deg inn på fargelinken for å lese mer om fargene.
DRYGOLIN Nordic Extreme – holder lengst!
DRYGOLIN Nordic Extreme vindu og dør
Vår suverent beste til vindu og dør
Selvrensende - langvarig nymalt utseende
DRYGOLIN Power Clean Vindu & Dør
Selvrensende detaljmaling med svært langvarig beskyttelse
JOTUN Kraftvask er en kraftig og effektiv spesialvask før maling eller beising av utvendige flater.
Takk for svar, og tusen takk, me har trua på at det kan bli veldig fint til slutt. Eg såg eigentleg føre meg omvendt, dvs. lysare kvitfarge på karmar/detaljar, og mørkare kvitfarge på sjølve huset. Er klassisk kvit eller letthet ein farge som kunne fungert på karmar (gitt at vindauga også blei levert i klassisk kvit/letthet)? Kva "mørkare" kvitfarge kunne passa til det evt.? (men som ikkje er så mørk som antikkhvit).
Hei :)
Med JOTUN 0343 Antikkhvit på nabobygg kan du vurdere JOTUN 0471 Lys Antikk i kombinasjon med JOTUN 1624 Letthet eller JOTUN 9918 Klassisk Hvit på vinduer :)