Farge i gang, open stove/kjøkken og trapp i vår nye leiligheit

Kategorier:

- Stue

- Kjøkken

- Gang

- Annet

Hei, Vi tar over ny leiligheit om ein månad og treng litt hjelp med fargeval. Vi ønsker ein frisk farge i entre. Vi lurer også å male innside av inngangsdør i ein kontrasterande/komplementerande farge (den har per i dag ein slags gråblå farge, sjå bilde). Golvet er i ein slags skifer/kokgrå farge. 

Fargen i entre/gang må passe med fargen vi skal ha i open stove/kjøkken. I stove/kjøkken ønsker vi ein gulfarge. I vår noverande stove har vi fargen Velvet, som vi likar godt, men no ønsker vi ein farge som er litt varmare og som har mindre grønnskjær i kveldsmørket. Vi har sett på Masala, men eg synest den ser litt mørk ut, spesielt sidan vi tenker å male tak og golvlister i samme farge. Har du eit forslag til ein farge i samme tone, men som er litt lysare? Vi kjem også til å benytte samme farge i gang oppe i 2. etasje (trapperom). Stove/kjøkken har lyst originalt tregolv frå 50-tallet (gran?) og kvit kjøkkeninnreiing med benkeplate i eik. I tillegg kjem vi til å ha ein del møblar i ubehandla furu/furufiner, og nokre lamper/detaljar i koboltblå.
 Midt i rommet, som ein romavdelar mellom stove og kjøkken, har vi ei trapp opp til 2. etasje. Vi ønsker å male trappa i ein raudfarge (teglsteinsfarge?) som passar fint sammen med den gule fargen. VI har foreløpig sett på poetry red, men det kunne kanskje også vore fint med noko med litt meir oransje i?
 Vi høyrer gjerne kva du tenker og er opne for andre råd og idear!
 Vedlagt er bilder: Bilde 1: Entre/gang i ny leilighet Bilde 2: Bilde av vår nye stove/kjøkken
Bilde 3: Bilde av vår nye stove/kjøkken (med trapp til 2. etasje) Bilde 4: Vår noverande stove med vår grønne cordfløyelssofa Bilde 5: Inspirasjonsbilde av leilighet med fargeval vi likar veldig godt (vegg og trapp).

2026-01-27 11:47:52