Mindre rosa Muted coral?

Kategorier:

- Soverom

Hei! Me har 20217 Muted Coral på underskapa på kjøkkenet og som aksentvegg på eit soverom. Fargen funkar fint på kjøkkenet, men verkar mykje meir rosa på soverommet. Kjøkkenet har meir naturleg ljos, so eg lurer på om det er litt av årsaka. Me skal snart måle soverommet på nytt, og lurer i so måte på om muted coral er heilt riktig for oss. Me har vorte veldig glade i å måle tak og veggar i same farge dei siste åra, og leikar gjerne med å måle dørar og listverk i same, komplimentær- eller komplimentærkontrast-fargar. Kan du tilrå nokre fargar som er nokolunde like i metning og kor mørke dei er, men som heller lener litt meir i retning det orange/ brune? Kva farge/ fargar hadde i so fall vore gode kombinasjonar for listverk og dører? Er løysinga kanskje å bruke muted coral på dørar og listverk, og gjere noko heilt anna på veggane? Heimen er fargerik, so om du har nokre litt ville forslag so er det veldig artig!

2026-03-06 23:59:51

Fargerådgiver svarer:

Hei, jeg hjelper deg gjerne, men jeg trenger bilder av alle rom du skal male, slik at jeg får et godt inntrykk av lysforhold, gulv og farger på dine møbler. Hvis du skal skifte gulv trenger jeg link med bilder av nytt gulv. Det er viktig at bildene er tatt i godt dagslys slik at fargegjengivelsen blir så riktig som mulig. Bildene blir ikke synlig for andre enn deg og meg. Hvis bildene er over 5MB (pr bilde) blir de avvist, da må du redusere. Hører fra deg :)

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun