Nytt hus - farger som harmonerer

Kategorier:

- Stue

- Barnerom

- Soverom

- Bad

- Kjøkken

- Kontor

- Gang

- Annet

Hei! Vi skal bygge på huset vårt, samt renovere gamledelen. Eg ønskjer difor råd om farger som kan knytte romma saman. Det vil bli mange store vinduer og mykje lysinnslepp, men vi bur på vestlandet og det er mykje skodde og regnværsdager. Det skal vere listefritt, men dører og lister på vindu vil vi ha i ein lys farge. Her kan vi velge mellom nesten kva som helst. Vi ønskjer lyse, "duse" toner i heile huset, som harmonerer i lag. Vi skal ha blått kjøkken der frontane skal vere i NCS S1520 R90B. Høgskap og sittebenk vil bli i ein lys trefarge. Spisebord i lys eik. Golv har vi ikkje valgt endå, men planlegger lyst tregolv frå Bjelin. Det er åpen kjøkken/stueløysing. Her drøymer eg om å ha ein lys beige eller "gulbeige" farge på veggane. Har sett på instagram ein farge frå Dyrup som heiter Mocha frappe (NCS 2005-Y40R?) som er i sjangeren eg er ute etter, men det kan vere lysare enn denne og. Har også sett på fresh pasta frå jotun, men redd den blir litt for gul(?). Har tidlegare hatt space (jotun), den likte eg godt også. Tek veldig gjerne i mot råd her. Taket vil vi ha lyst, men ikkje heilt kvitt. Vil gjerne ha råd om farge. Det vil bli flatt tak over kjøkkendelen, og mønt himling over spisestue/stue del. På badet skal vi ha våtromsstrier, lyse beige fliser på golv 60x60, baderomsmøbler i lys eik. Ser for oss ein lys beige på veggane. Tek gladleg i mot råd til soverom/inngangsparti/gang/kontor/TV-stove som kan harmonere, her er vi åpen for ulike fargetoner. På vaskerommet vurderer vi å gå for fronter AUBO Sienna, f.eks i fargen S-0510-B90G eller NCS 3005-G80Y, viss nokon av dei kan harmonere med blåfargen på kjøkkenfrontane. Evt. en dus rosatone om du har forslag. Sist men ikkje minst ønskjer vil forslag til farge til huset utvendig. Her ønskjer vi ein lys blå, lys grønn eller kvitfarge. Vindusfarge utvendig kan vi velge mellom NCS S0502-Y, NCS S0500-N, RAL 1013 oyster white. Taket blir svart. Ønskjer inngangsdør med farge, men då må vi lande husfarge først. Legger ved teikna bilder av huset, då huset ikkje er bygd endå. Sofa etc er plotta inn av illustratør, og er ikkje reelt. Legger også ved nokre "skjermdumper" frå instagram i stilen eg er ute etter. Stort prosjekt med mange fargevalg, veldig takknemlig for veiledning.

2026-03-21 18:33:32

Fargerådgiver svarer:

Hei, det er tidlig i prosessen enda så jeg tillater meg å be om link med bilder av gulvet dere velger. Gulv er en stor flate som absolutt bør med i totalvurderingen når men skal velge farger til vegger :-) Dere må også bestemme dere for hvittone på dører og vinduer :-) 

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun