Kategorier:
- Annet
Hei Vi har kjøpt ein eigedom der vi skal til med ei totalrenovering av huset, og mellom anna etterisolere og skifte kledning og vindauge. Huset ligg fint og lågt til i terrenget 700 moh, med glissen skog rundt på tre kantar og utsikt mot fjell i det fjerne og Mjøsa "der nede" mot sør. Val av kledning vart difor Moelven Værbitt i fargen Barka (ferdig innfarga frå fabrikk med beis). Frå før er både hus og småbygg på eigedomen måla kvite'ish. Anneks og garasje har fin og heil kledning, og det står langt nede på prioriteringslista å bytte denne. I produktbladet som fylgjer kledninga til huset er det oppgitt ein NCS-kode som er den næraste ein kjem for å få maling i tilnærma lik farge. Vi var spent på denne, då det jo er vanskeleg å matche beis og maling. Og riktig nok, den heng ikkje på greip (NCS S7010Y30R). Til samanlikning er kode for oppfrisking og behandling av endeved for kledninga NOBB-nr: 60078310. Foto av bit av kledning og bit måla med den oppgjevne ncs ligg ved. Vi vurderer difor å bryte heilt med ein annan farge på anneks og garasje. Anneks og garasje ligg plassert med godt med luft mellom, i eit slags tun. Huset er bygd på 70-talet, og vi har no hatt arkitekt til å teikne om og planlegge renovering. Huset skal strammast opp, på same tid som ein tek vare på dei tradisjonelle referansane i området vårt og dei tydelege koplingane til naturen rundt. Det vert skigard rundt eigedomen. Det vert svart bandtekkingstak, mørk grå/antrasitt vindaugsomraming og truleg gul dør (sjå vedlagde skjermdump). Av dette vurderer vi raudt på småbygga, som nok ein tradisjonell referanse, som ikkje "slåst" med huset. Vi synes dog det er vanskeleg å velje farge, og ikkje minst kva fargar ein skal ha på vindauge og vindskier osv, slil at ein bind det heile saman. Sett pris på råd, og er også opne for andre forslag enn raudt. Vedlagt er foto av huset frå prospekt, og illustrasjonar frå arkitekt. På illustrasjon ser du anneks til høgre for huset og garasje nedanfor huset. Gulfarge på dør er ikkje satt, men det vert noko i den varmgule leia, som friskar opp i det matte brungrå utan å bli for knæsj.
Hei, vi har naturlig nok ikke prøver av beisen du har valg, men jeg tror at den blir lekker i møte med 0025 RØROSRØD eller 0042 VILLVIN som er varme rødtoner med et dempet uttrykk. For å understreke den stramme stilen dere nå får på hovedhuset ville jeg på garasjen og annekset valgt å male dører og vinduer i samme farge som veggen altså alt i 0025 RØROSRØD ellet 0042 VILLVIN. Det er tøft å leke seg med ulik glans hvis dere velger samme farge gjerne DRYGOLIN Nordic Extreme Supermatt på kledningen og DRYGOLIN Nordic Extreme vindu og dør på detaljer. Til ytterdør kan du gjerne vurdere 10168 MUTED YELLOW eller 0152 STAVERNGUL. Lykke til med ditt uteprosjekt :-)
DRYGOLIN Nordic Extreme Supermatt
Supermatt Extreme-teknologi - holder lengst!
DRYGOLIN Nordic Extreme vindu og dør
Vår suverent beste til vindu og dør
DRYGOLIN Nordic Extreme – holder lengst!
JOTUN Kraftvask er en kraftig og effektiv spesialvask før maling eller beising av utvendige flater.