Kategorier:
- Kjøkken
- Gang
Hei Vi har nett utvida og totalrenovert ein gang, og skal snart til med overflatebehandling. I det høve har vi behov for hjelp til fargeval for vegg. Huset ligg landleg til, er bygd på 40-talet, og har brei ståande kledning malt i Jotun brunsvart. Det kler ikkje det ultramoderne, men kler heller ikkje at det vert for nusseleg/"blonder of kniplingar". Det bør vere passe enkelt og rustikt. Ein kjem inn i den avlange gangen frå aust, og eg tippar han er omlag 8-9 kvadrat. Inngangsdør eit lite frosta glas, og så blir det eit smalt ståande vindauge mot vest. På det knappaste at det kan kallast gjennomlys. Vi tenkjer malt ståande glattpanel eller sprekkpanel på tre veggar, og tapet på "innerste" vegg mot vest, der det også vert vindauge (vegg rett mot på vedlagde foto). Golv vert ein variant av slitesterk vinyl, i gråtonar eller evt noko med spettar i (sjå vedlagt skjermdump). Det vert vanleg dør inn til kjøken, som er delvis ope mot stove. På kjøken er det bestilt olivengrønt shakerkjøken (S 5010-G70Y) med svarte detaljar og benkeplate i gråe fargetonar. Stort vindauge over kjøkkenbenk mot aust. Golv vert BerryAlloc Nordkapp dus eik, som også går inn i stove. På stova som har vindauge mot aust og mot overbygd veranda i sør, er det Humble yellow på veggane. Eg ynskjer ein farge på gangvegg og kjøken som står seg godt til dei avgjerdene som allereie er teke. Har ikkje lagt ved så mange foto, då det meste er stenderverk og sponplater for tida. Vonar lilevel at info om ekisterande val, storleik, himmelretning og lysinnslepp kan vere gode hkelpemiddel for å komme med råd.
Hei! :) Da er en deilig sommerferie over og vi er i gang igjen. Har du ventet på oss eller er du godt i gang med ditt prosjekt?
For å kunne hjelpe deg på best mulig måte trenger vi bilder av rommene du skal male. :)