Kategorier:
- Stue
Lister/dører/vinduer : Ein eller anna kvit farge
Hei! Vi vil endre fargen i stova vår. Det er eit rekkehus med lang smal form, og vindaugene i stova peikar rett sør. I vinter mala vi veggene i gangen, langs trappa til kjellaren, og undersida av trappa i Subtle Green med Lady Balance. Vi er kjempefornøgd med fargen, og den står også veldig fint til møblar og spileveggen i kvitolja eik. Stova er mala i ein raudbrun farge, som gjer at rommet følest mindre enn det gjer hjå naboen som har lyse vegger. Vi har ein grønn sofa i ull, som vi elskar fargen på. Den nye farge i stova må passe til sofaen. Lampeskjermane er linfarga, og vi likar dei godt. Men dei kan alltids flyttast til andre rom eller bytast ut. Vi lurer òg på om vi skulle ha mala vindaugskarmane og terrassedøra i same farge som den nye fargen på stoveveggen. Det MÅ jo ikkje vere kvite karmar over alt i huset.
Noverande farge i stova heiter Warm Blush.