Kategorier:
- Kjøkken
Lister/dører/vinduer : Bomull på lister rundt vindu, elles furupanel
Pusser opp hytte med furupanel. Planen er å beise veggar og tak lysare med tid og stunder. I sommar har vi sett inn nye vindu i bomull med breie lister i bomull og lakka golva med kvitpigmentert lakk. Spørsmålet gjeld kjøkkenet som er einaste rom med malt golv. Eg lurer på om du har tips til kva farge eg skal male golvet i. Rommet er lite og mørkt med eit vindu nordover og eit mot aust (under takoverbygg). Golvet er i dag mørk brunt. I haust får vi inn ny kjøkkeninnredning frå Epoq i fargen sand, med natur benkeplate. I tilstøtande rom er ei dør (den sida som vender inn mot gangen frå kjøkkenet) mala i welcoming red. Ei hylle på kjøkkenet har same farge. Denne fargen ser veldig rosa ut no, men håpet er at det endrar seg når eg får nytt kjøkken og malt golvet. Eg har brukt welcoming red på fleire småmøblar elles i hytta utan at det ser spesielt rosa ut. Køyesenger og andre småmøblar i hytta er malt i marrakesh. Eg har restar av marrakesh golvmaling, men er redd det kan bli ei mørk eller gråaktig farger. Ønskjer helst å unngå for mykje grått i hytta. Eg har også vurdert space og kalk som fargar på golvet. Bilde 1 til 4: Frå før oppussinga starta med gamalt vindu. Her kjem epoq kjøkkeninnreiing i L-form, ingen overskap. Kjøkkenbenkutstikket til høgre blir fjerna. Innsida av hylla til høgre er no malt i welcoming red. Bilde 5: Med nytt vindu, viser andre sida av kjøkkenet. Der rotet står kjem det inn tre skuffemodular frå epoq i farge sand. Ingen overskap. Kjøleskap blir flytta til motsett vegg.
Hei! :)
Epoq Sand er tilnærmet lik den vi kaller 2201 VARM LIN, en beigetone med 50% rødt i undertonen. Med utgangspunkt i kjøkkeninnredningen vil jeg be dere teste 1359 MACCHIATO eller 10290 SOFT TOUCH på gulvet. Dette er beigetoner med 30%, eller mer, rødt i undertonen, noe som binder rommet sammen på en god måte. :) Vi fører ikke produkter til gulv, men anbefaler deg å bruke Trestjerner Gulvmaling.
Klikk deg inn på fargelinken for å se større bilder av fargene. Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller og prøveoppstrøk. Husk at dine lysforhold, gulv og møbler kan påvirke opplevelsen av fargen.
Til store flater, vegg og tak
Løser de fleste malingstyper, lett biologisk nedbrytbar.