Fargesterk utemåling til hytta

Kategorier:

- Annet

Hei! Eg har nett kjøpt mi fyrste hytte, og er veldig gira over det. Det er nokre år sidan ho vart måla, og treverket treng definitivt eit par nye strøk før vinteren. Eg er glad i (mange, sterke og varme) fargar, so eg kjem til å spørje om tips til fleire. Eg er komfortabel både med NCS-kodar og Jotun sine eigne fargenamn :) Kort oppsummert ser eg etter ein fargepalett med mørk brun, lilla/ burgunder, oker/ sennepsgul og ein varm kvit/ ljos beige. Eg ser føre meg ein mørk brun med mykje raudt og lilla i seg på ytterveggane. Eg har sett på 2149 coffee/ rødberg (S8010-Y90R (som eg ogso har på kjøkkenbenken heime!)), men skulle gjerne hatt noko med endå litt djupare og varmare farge. Har du nokre tips til ein varm, djup og mørk brun? Eg har forelska meg heilt i NCS-fargen S2070-Y20R, og har skikkeleg lyst til å måle nokre detaljar som skodder til vindauga i den fargen. Frå før har eg ho på kjøkkenskapa mine, og har funne ut at fargen er vanskeleg å blande. Kva (om nokon) utemåling kan eg blande fargen S2070-Y20R i? Om det ikkje går an, kva er den likaste fargen som det er mogleg å blande? Til vinduskarmar og andre småting tenkjer eg ein lilla/ burgunder av noko slag ville vore ein artig komplimentærkontrast. Eg har sett litt på S6020-R20B, men har syntest det har vore vanskeleg å finne ein god lilla/ burgunder. Eg vil gjerne ha tips til ein fargesterk lilla/ burgunder (som gjerne er litt varm og ikkje veldig ljos) som går godt med dei andre fargane. «Ramma» kring taket er måla ein ganske kald kvit no. Sjølv om det treverket der ikkje treng ny måling for å klare seg, so trur eg det vil sjå veldig snodig ut med ein kald kvit når resten av hytta får eit so varmt uttrykk. Kan du tilrå noko i landskapet varm kvit til ljos beige her? På sikt skal eg ogso sjå på beis/ olje til plattingen, men det får eg nok ikkje tid til før til våren. Om du på sparket har nokre tips til varme fargar som går godt med resten so set eg umåteleg stor pris på det, men det er ikkje noko du treng å bruke tid på. Dette spørsmålet er allereie meir enn stort nok frå før. Tusen takk for all hjelpa! Eg gler meg enormt til å kome i gang med oppussinga 🥰

2026-08-16 14:01:10

Kommentar

Eg har ogso sett på ein mørkare okergul, s3060-y20r, som eg veit det er mogleg å få blanda fordi eg har brukt han før. Eg trur den hadde vore fin med ein burgunderfarge som s5040-r20b, men då får eg same problem med at målinga verkar vanskeleg å få blanda. Målingsblanding er veldig kompliserte saker.

16/08/2026 21:17:07

Fargerådgiver svarer:

Hei! :) Gratulerer med kjøp av en flott hytte. :) 

S6020-R20B kan blandes i våre eksteriørprodukter og jeg synes den står flott til S3060-Y20R. S3060-Y20R kan kun blandes i et begrenset utvalg produkter som leveres i Oker-base, men om du velger  0152 STAVERNGUL, 3252-Y26R kan den blandes i et større utvalg produkter.  0152 STAVERNGUL er i mine øyne flott i møte med S6020-R20B. Jeg vil også nevne 3198 BJØRNEBÆR, 8007-R07B, denne fant jeg i arkivet så den er dessverre ikke digitalisert, men den kan blandes i de fleste av våre eksteriørprodukter. Også denne er flott i møte med  0152 STAVERNGUL og S3060-Y20R. Om du ønsker en lys/beige tone mot disse fargene vil jeg nevne  1016 BLEK SAND eller  1376 FROSTRØYK. :) 

Klikk deg inn på fargelinken for å lese mer om fargene. 

Farger på skjerm kan avvike fra virkelig farge, vi anbefaler derfor alltid at du vurderer fysiske fargelameller og tester fargene med JOTUN Fargeprøve Eksteriør. 

Maler du huset med DRYGOLIN Nordic Extreme, vår beste maling med unik Extreme-teknologi, får huset en selvrensende overflate med overlegen beskyttelse og ekstrem farge- og glansholdbarhet.


DRYGOLIN Nordic Extreme får du også i Supermatt. Denne har et vakkert, supermatt utseende og den samme unike Extreme-teknologien som sikrer overlegen beskyttelse og suveren fargeholdbarhet.

Vindu, dør og detaljer maler du med DRYGOLIN Nordic Extreme Vindu og Dør. Dette er vår suverent beste til detaljer, vinduer og dører, og gir overlegen beskyttelse og ekstrem farge- og glansholdbarhet.

DRYGOLIN Power Clean gir et langvarig, nymalt utseende med sin unike selvrensende teknologi. Malingen er spesielt effektiv mot svertesopp og gir minimalt skittopptak. 

DRYGOLIN Power Clean Vindu og Dør er en selvrensende detaljmaling, med anti-blokk teknologi som blir raskt klebefri, noe som gjør den spesielt egnet til vinduer, dører og andre detaljer som hagemøbler mm. Den er spesielt effektiv mot svertesopp og beholder farge og glans over svært lang tid, og har i tillegg svært langvarig beskyttelse.

Jotuns farger er utviklet spesielt for Jotuns malinger og produkter. Alle våre farger har en unik fargeresept for at ferdigblandet farge skal være korrekt. Jotun garanterer derfor kun riktig fargegjengivelse ved bruk av Jotuns produkter.

Lykke til med dine uteprosjekter!

Line
Hilsen Line, Fargerådgiver Jotun

Du trenger:

Finn butikk